facebook
Márta Sebestyen og Vujicsics
 

MUSIKK FRÅ BALKAN/ UNGARN
Fre. 3. aug kl. 20:00 Gullbring, Storsalen


   
 
Martha Sebestyen og Vujicsics i Storsalen, Gullbring
 

 

Márta Sebestyen frå Ungarn vert omtala som den fremste vokalisten innan folkemusikken i Aust-Europa. Ho er kjent for si unike stemmeprakt og har samarbeidd med m.a. Muzsikás, Ungarns mest populære gruppe internasjonalt, og den etnisk/eksperimentelle gruppa Deep Forest; mange vil hugse "Márta`s Song", som var inne på hitlistene. Ho er òg kjent for sterke vokalinnslag i filmen "Den engelske pasienten". Marta har gjesta Telemarkfestivalen to gonger før, samt vore både på Vossajazz og Førdefestivalen. Ho hentar ein del av repertoaret sitt frå Transylvania, hjå den ungarske befolkninga i Romania. Márta Sebestyen har vore med på fleire samarbeidsprosjekt – CD-ar og konsertar – med gruppa Vujicsics. Vujicsics presenterer musikk frå austlege deler av Ungarn. Ein unik sør-slavisk tradisjon frå serbiske og kroatiske samfunn gjennom hundreår, som viser Balkan og Sentral-Europa som eit lappeteppe av multi-etniske grupper på tvers av moderne statsgrenser. Gruppa har blåst liv i uerstattelige arkivopptak og feltarbeid gjort av Béla Bartók.
Vujicsics består av Mihály Borbély (fløyter, dvojnice, klarinett, saksofon, tambur, vokal), Miroszláv Brczán (tenor-tambur, kontrabass, vokal), Gábor Eredics (trekkespill, tambur, karaduzen, vokal), Kálmán Eredics (kontabass, tarabuka, vokal), Károly Györi (violin, tambur) og Ferenc Szendrődi (diverse tambur).